h1

Eirik skriv

November 19, 2007

Då har Eirik etter mykje om og men og tenking og lesing og sitting og netter med dårleg søvn endeleg byrja å skrive så smått.

Eg har to gullmedaljar og ei bronse i NM i utsetting, og med innsatsen i dette semesteret stiller eg nok sterkt til EM neste år.

Men no har eg altså byrja å skrive så smått.  Har landa på Wiki/Blogg og læring, og lurer på om det høyres bra ut. Klarar ikkje å kome meg inn på Wikien vår for å skrive meg opp på veiledning, og mailen eg sendte til Myriam på fredag var tydlegvis til feil adresse. (hjelp)

h1

Syn på læring

October 29, 2007

Eg skriv litt om syn på læring i ein time på skulen.

Å lære.
Eg meiner at å lære betyr å tileigne seg kunnskap. I alle situasjonar, på alle måtar og om alle emne. Måten ein gjerne lærer mest og best på trur eg er gjennom erfaring. Både eigne og andre sine erfaringar.

Lærar og student
Ein god lærar må vere engasjert og flink til å gjere elevane/studentane engasjerte. I tillegg må læraren vere klar og tydeleg, og flink til å få fram det viktige i det han/ho underviser i.

Ein dårleg lærar bryr seg ikkje om studentane lærer noko eller ikkje, er uengasjert i undervisningssituasjonen og vag med tanke på kva som er viktig å få med seg.

Ein god student er flittig og nysgjerrig, og ikkje minst engasjert.

Ein dårleg student er uinteressert og uengasjert. Kjem ikkje på forelesning, og les ikkje pensum.

h1

Har nokon ein spade?

October 29, 2007

For no har eg verkeleg lyst å grave meg ned.

Etter timen i HUIN i dag gjekk det opp for meg kor mykje eg faktisk har å gjere den siste månaden. Knapt halvferdig med praksis i PRAKTINF, og har ikkje byrja på noken av oppgåvene endå. Eirik må koble inn andregiret for å dra dette i land.

Eg var heilt forvirra av alt pensumpratet i timen i dag. 200 sider med ditt, og 300 sider med datt, pluss dei andre 1000 sidene som eg er i gang med. Hadde det ikkje vore for “kvalitetsreformen” hadde eg framleis hatt eit par veker før eg gjekk inn i denne “ai, det har nettopp gått opp for meg kor langt etter eg ligg”-transa. To bekymringsfrie veker til. Ai, kva hadde eg ikkje gjort for å få dei?

h1

Litt om meg

August 21, 2007

Namnet er Eirik Magnar Høydal, og eg går tredje året på Språk og Informasjon (SPINF) med japansk som spesialisering. Dette semesteret tar eg PRAKTINF i tillegg til HUIN102.

Sjølv om eg er litt kjend med nokre av tema me skal ha utover hausten, reknar med å lære mykje nytt. Det skal bli moro.

Eg har ikkje nokon blogg frå før, men hadde ein note på Facebook som eg oppdaterte i ny og ne då eg var i Japan på utveksling. Ellers er eg til dels flittig i ein del forum på nettet, til dømes foruma til nokre av mine vener, og forum i forbindelse med onlinespel.